Sletthaug Naturlostur

Fellestur

Dato
9. september kl. 17:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Naturlostur, Vindafjord
Arrangører
Vindafjord Turlag, Haugesund Turistforening

Frå Flotmyr kl 17.00, frå Knapphus kl 17.45.

Kjør om lag 3,2 km på E 134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om dei ulike turane.
 

Vi følger god traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare i slakt terreng til vi kryssar
Aurdalselva på ny ved Fjellgardsbakken. Her er det turkasse som du kan skriva deg inn i før du går vidare over brua. Vegen vidare slyngar seg oppover i furuskog - vi tek av til høgre ved skilt om lag 500 lenger opp, sjå skilt – til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Deretter blir det ein del bratte parti på vegen.

Gjennom denne dalen, Aurdalsdalen, har det vore ein gamal ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg langt innover og endar nesten der ein annan traktorveg kjem frå Steinsland i Sandeid. Vegen opp til Sletthaug har ein del bratte parti, men han er god å gå på - ta det med ro og nyt turen. Ta ein pust ved Karatesteinane og les info om desse. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenk halvvegs oppe.

Fottøy: Fjellsko

Turleiar: Jon Olav Velde

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jon Olav Velde