TORDISNUTEN (440 m. o. h.) i Nedre Vats i Stokkadalen

Fellestur

Dato
26. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Haugesund Turistforening, Vindafjord Turlag
Turområde
Haugalandet (se kart)

Oppmøte: Knapphus Bensinstasjon kl 10:00. 

 
Frå Knapphuskrysset v/ E 134 kan du ta av på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km til
Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem
ned på kaien ved Hatteland, tek du av til venstre (sjå skilt her). og kjør vidare utover langs
Vatsfjorden og så innover mot Stokkadalen.
Etter 2,8 km på vegen frå Åmsosen ser du skilt for TURSTI og PARKERING og skilt
til Tordisnuten ved ein sving ovanfor vegen til Olav Tjeltveit. Ta til høgre her – 250 m på
denne vegen finn du P-plassen hos grunneigar Olav Tjeltveit + info.tavle og skilt og merka sti
til Tordisnuten.

God parkeringsplass hos grunneigar Olav Tjeltveit.

Følg skogsveg eit stykke oppover og så inn på godt merka og rydda sti som slynger
seg oppover gjennom bjørkeskog og litt blanda vegetasjon.
På vegen oppover er det god utsikt over store deler av Nedre Vats og innover
Stokkadalen. Like før du når toppen, kjem du til ein liten varde med turkasse med
bok i som speiderane har sett opp. Her er god utsikt.
(Skriv deg inn i speidarboka også og bli med i Nutafantkonkurransen om du vil) Her finn du kodeordet og boka du må notera deg i

Går du 200 m til, kjem du til toppen av Tordisnuten. Her kan du ta valget om du vil
gå nedatt same vegen eller fortsetja å gå ned til det gamle skulehuset i Stokkadalen
på ein merka og rydda sti. Når du er komen ned til det gamle skulehuset, må du gå
1,5 km på bilvegen ned til parkeringsplassen ved Tjeltveit der du sette bilen frå deg.
Fin rundtur.
Ca 1,7 km opp til toppen. 1 time å gå opp - vanleg gange m/pustepausar.
Vanskegrad: Middels
Skotøy: Fjellsko.

Turledere: Jon Olav Velde 905 54 134 og Tone Helen Kveinen Strand

TORDISNUTEN (440 m. o. h.) i Nedre Vats i Stokkadalen

Oppmøte: Knapphus Bensinstasjon kl 10:00.    Frå Knapphuskrysset v/ E 134 kan du ta av på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km til Kårhuskrysset der du svingar ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tone Helene Strand Kveinen
  • Jon Olav Velde