Kultursti langs ei Å - ein kultursti -  frå Refsnes i Blikrabygda til Vardafjellet.

Fellestur

Dato
18. april kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Haugesund Turistforening, Vindafjord Turlag

Oppmøte kl 10:00 på Knapphus bensinstasjon, så kjører vi videre samlet, i egne biler.

Kjør om lag 2,5 km frå Knapphus mot Ølen til du kjem til vegkryss med skilt til
Blikrabygda. Ta av til høgre og følg denne vegen 3,5 km til Blikrabygda bedehus. Følg
vegen 200 m ned bakken til brua – der er P-plass og info.tavle.

Beskrivelse: Lett å gå langs elva eit stykke, men etterkvart noko krevande.
Opplysningar: Dette er ein kultursti/opplevelsestur langs Blikraelva som renn ut i Vatsvatnet
nede ved Refsnes.
Langs elva vil me sjå renseparkar, kvernhus, kvernsteinar, minikraftverk,
kyl-asketre, revebås/-felle, murar etter oppgangssag, kraftverksinntak.
Stien vidare til varden på Vardafjellet går me forbi ein gammal stølsplass og
ein ny revebås. På toppen er det flott utsikt over Vatsbygda og vestover mot
Skjold og Karmøy og havet utanfor Haugesund. Ca 5 km opp langs elva.
Ca 2,5 timer.  Godt fottøy: Fjellsko.
Vanskegrad: Middels

Turledere: Jon Olav Velde 905 54 134 og Kjellfrid Brunsvik

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jon Olav Velde
  • Kjellfrid Brunsvik